2. Mosebok 26:30-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Så skal du reisa heilagdomen på rett måte, så som det vart synt deg på fjellet.

31. Du skal laga eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. I forhenget skal det vevast inn kjerubar i kunstvevnad.

32. Du skal hengja det opp på fire gullkledde akasiestolpar som det er gullhakar på, og som står på fire fotstykke av sølv.

33. Rett under krokane skal du hengja det, og innanfor forhenget skal du setja lovkista. Forhenget skal vera ein skiljevegg mellom Det heilage og Det høgheilage.

34. På lovkista i Det høgheilage skal du setja soningsstaden.

35. Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken ved sørveggen i heilagdomen, midt for bordet, som skal stå ved nordveggen.

36. Til teltdøra skal du laga eit teppe av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, vove i mange leter.

2. Mosebok 26