2. Mosebok 26:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Heilagdomen skal du laga av ti teltdukar. Dei skal vera av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull. I dukane skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad.

2. Kvar duk skal vera tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane skal halda same målet.

3. Fem av dukane skal skøytast i hop til eitt stykke, og like eins dei andre fem dukane.

4. I kanten av den duken som er ytst på det eine ihopskøytte stykket, skal du laga hemper av fiolett ull, og like eins i kanten av den ytste duken på det andre stykket.

5. Femti hemper skal du laga på den eine duken, og femti hemper i kanten av den som høyrer til det andre stykket. Hempene skal sitja midt for kvarandre.

6. Og du skal laga femti gullkrokar. Med dei skal du hekta dukane saman, så det vert éin teltheilagdom av dei.

2. Mosebok 26