2. Mosebok 25:25-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Så skal du laga ei list på bordet. Ho skal vera brei som ei hand og gå heilt ikring. Rundt lista skal du laga ein gullkant.

26. Lag så fire gullringar og set dei i dei fire hjørna på dei fire føtene!

27. Tett attmed lista skal ringane sitja. Dei skal vera til å smøya berestenger inn i.

28. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.

29. Sidan skal du laga dei fata og skålene som høyrer bordet til, og kannene og bollane til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.

30. På bordet skal du støtt leggja fram skodebrød for mitt åsyn.

31. Så skal du laga ein ljosestake av reint gull. Han skal vera hamra arbeid, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane skal gå i eitt med han.

32. Seks armar skal gå ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.

33. På den eine armen skal det vera tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera skal vera på skap som ein mandelblom. Såleis skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå ljosestaken.

34. På sjølve staken skal det vera fire beger med knuppar og blomar. Dei skal vera på skap som ein mandelblom.

35. Det skal vera ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane skal gå i eitt med staken. Det skal vera ein knupp under kvart par av dei seks armane som går ut frå ljosestaken.

2. Mosebok 25