2. Mosebok 25:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til israelittane at dei skal koma med gåver til meg! Av kvar den som kjenner trong til det, skal de ta imot ei gåve til meg.

3. Dette er gåvene som de skal ta imot av dei: gull, sølv og bronse,

4. fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lingarn og geiteragg,

5. raudleta verskinn, delfinskinn og akasietre,

6. olje til ljosestaken, balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,

7. karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken.

8. Og lat dei reisa ein heilagdom åt meg, så skal eg bu midt imellom dei.

9. Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de i alle måtar laga etter det førebiletet eg vil syna deg.

10. Du skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg.

11. Kled henne med reint gull både innvendes og utvendes, og set ein gullkant ikring henne!

12. Støyp fire gullringar og fest dei i dei fire føtene på kista, to på kvar side!

13. Lag så stenger av akasietre, kled dei med gull,

14. og smøy dei inn i ringane på sidene av kista! Desse stengene skal de bera henne med.

2. Mosebok 25