1. Gud sa til Moses: «Stig opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel! Og bøy dykk til jorda og tilbed, medan de enno er langt borte!
2. Berre Moses skal gå fram til Herren. Dei andre må ikkje gå fram, og folket får ikkje stiga opp saman med han.»
3. Då Moses kom og bar fram for folket alle Herrens bod og alle lovene, svara dei samrøystes: «Alle dei bod Herren har gjeve oss, vil vi halda.»
4. Så skreiv Moses opp alle dei orda Herren hadde tala.Morgonen etter stod han tidleg opp og bygde eit altar tett attmed fjellet og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ættene.
5. Sidan sende han ut nokre unge israelittar. Dei bar fram brennoffer og slakta oksar til måltidsoffer for Herren.