21. Gjev akt på han og høyr på det han seier! Set deg ikkje opp mot han! Han vil ikkje tola brota dykkar; for namnet mitt er i han.
22. Men høyrer du på det han seier, og gjer alt det eg byd deg, då skal eg vera ein fiende av dine fiendar og ein motstandar av dine motstandarar.
23. For engelen min skal gå føre deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil rydja dei ut.
24. Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei. Men du skal riva ned avgudsbileta og slå sund steinstøttene deira.
25. De skal tena Herren dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet du et og vatnet du drikk, og sjukdom vil eg halda borte frå deg.