7. Når ein mann lèt ein annan ta vare på pengar eller eigneluter for seg, og det vert stole frå huset det ligg i, då skal tjuven, så sant han vert funnen, gje dobbelt vederlag.
8. Men vert ikkje tjuven funnen, skal dei føra huseigaren fram for Gud, så det kan avgjerast om han ikkje har rett ut handa si etter det som nesten hans eig.
9. Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er ein okse, eit esel, ein sau eller klede eller eitkvart anna som er bortkome, og éin seier: «Han er det», då skal saka mellom dei to koma fram for Gud. Og den som Gud dømer skuldig, skal gje den andre dobbelt vederlag.
10. Når ein mann set bort eit esel, ein okse eller ein sau, eller noko anna dyr, til nesten sin, og det døyr eller kjem til skade eller vert røva, utan at nokon ser det,