18. Heile folket høyrde torebraket og hornlåten og såg lyna og fjellet i røyk. Då dei såg og høyrde dette, skalv dei av redsle og heldt seg langt unna.
19. Og dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då døyr vi!»
20. Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud vil prøva dykk, og han vil at de skal ha age for han, så de ikkje syndar. Difor er han komen.»
21. Så vart folket ståande langt borte, medan Moses gjekk innåt mørkeskodda der Gud var.
22. Herren sa til Moses: Så skal du seia til israelittane: De høyrde korleis eg tala til dykk frå himmelen.
23. De skal ikkje laga dykk nokon gud attåt meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.
24. Eit altar av jord skal du reisa for meg. På det skal du ofra brennoffera og måltidsoffera dine, småfeet og storfeet ditt. Kvar stad der eg vil ha namnet mitt ihugkome, skal eg koma til deg og velsigna deg.
25. Men vil du laga eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For brukar du meisel på steinane, vanhelgar du dei.