2. Mosebok 18:9-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då gledde Jetro seg over alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga dei frå egyptarane.

10. Jetro sa: «Lova vere Herren som berga dykk frå farao og egyptarane, han som fria folket frå egyptarveldet!

11. No veit eg at Herren er større enn alle gudar. Det synte han då egyptarane bar seg hovmodig åt mot Israel.»

12. Så tok Jetro, verfar til Moses, brennoffer og slaktoffer og bar fram for Gud. Og Aron og alle dei eldste i Israel kom og heldt måltid med han for Guds åsyn.

13. Dagen etter sat Moses og skifte rett mellom folket, og dei stod ikring han frå morgon til kveld.

14. Då verfar hans såg alt det han hadde å gjera for folket, sa han: «Kva er det for arbeid du legg på deg for folket? Kvifor sit du åleine og dømer medan alle står oppover deg frå morgon til kveld?»

15. Moses svara verfar sin: «Folket kjem til meg og vil spørja Gud til råds.

16. Når dei har sak med kvarandre, kjem dei til meg, og så dømer eg mann og mann imellom og kunngjer Guds bod og lover for dei.»

17. Då sa verfar hans til han: «Det er ikkje klokt det du gjer.

18. Du trøyttar ut både deg sjølv og folket som er med deg. Dette er for stridt for deg; du kan ikkje gjera det åleine.

19. Høyr no på meg! Eg vil gje deg eit råd, og Gud skal vera med deg. Stig du fram for Gud for folket og legg sakene deira fram for han!

20. Og prenta inn i dei at dei skal halda boda og lovene, og lær dei den vegen dei skal gå og dei gjerningane dei skal gjera!

21. Vel deg så ut dugande menn av heile folket, menn som har age for Gud, er pålitelege og hatar urett vinning! Set dei til førarar for folket, somme for tusen, somme for hundre, somme for femti og somme for ti!

22. Dei skal skifta rett mellom folket til kvar tid. Kvar stor sak skal dei koma til deg med, men kvar lita sak skal dei avgjera sjølve. Då lettar du børa for deg sjølv, og dei hjelper deg å bera henne.

23. Gjer du det, og vil Gud det så, kan du halda ut, og då kan alt dette folket fara heim i fred.»

2. Mosebok 18