1. Så tok heile Israels-folket ut frå Sin-øydemarka og fór dagslei etter dagslei, som Herren baud dei. Sidan slo dei leir i Refidim. Men der fanst det ikkje vatn så folket kunne få drikka.
2. Difor tretta folket med Moses og sa: «Gjev oss vatn, så vi får drikka!» Moses svara: «Kvifor trettar de med meg? Kvifor set de Herren på prøve?»
3. Men folket tyrsta etter vatn. Dei murra mot Moses og sa: «Kvifor har du ført oss opp frå Egypt? Vil du at vi og borna våre og feet vårt skal døy av torste?»
4. Då ropa Moses til Herren og sa: «Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge før dei steinar meg!»
5. Herren sa til Moses: «Far føre folket saman med nokre av dei eldste i Israel! Ta med deg staven som du slo på elva med, og gå!
6. Så skal du få sjå meg stå framfor deg på berget ved Horeb. Når du slår på berget, skal det strøyma fram vatn, så folket får drikka.» Moses gjorde som Herren sa, medan dei eldste i Israel såg på.