2. Medan dei var i øydemarka, tok heile folket til å murra mot Moses og Aron
3. og sa: «Gjev vi hadde fått døy for Herrens hand i Egypt, då vi sat kring kjøtgrytene og åt oss mette! Men no har de ført oss ut i villmarka, så heile denne folkemengda skal døy av svolt.»
4. Då sa Herren til Moses: «Eg vil la det regna mat ned over dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Såleis vil eg prøva dei og sjå om dei held seg etter lova mi eller ikkje.
5. Og når dei lagar til det dei har kome heim med sjette dagen, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar om dagen.»
6. Så sa Moses og Aron til alle israelittane: «I kveld skal de skjøna at det er Herren som har ført dykk ut or Egypt.
7. Og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom; for han har høyrt korleis de murrar mot han. Men kva er vel vi, sidan de murrar mot oss?»
8. «De skal få sjå det,» sa Moses, «når Herren gjev dykk kjøt å eta i kveld og brød å metta dykk med i morgon tidleg. For Herren har høyrt korleis de murrar mot han. Kva er vel vi? Det er ikkje mot oss de murrar, men mot Herren.»
9. Moses sa til Aron: «Sei til heile Israels-folket: Stig fram for Herren! For han har høyrt korleis de murrar.»
10. Så tala Aron til alle israelittane som var samla. Då vende dei seg mot øydemarka, og Herrens herlegdom synte seg i skya.
11. Og Herren sa til Moses:
12. «Eg har høyrt korleis israelittane murrar. Sei til dei: Straks etter soleglad skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få metta dykk med brød. Og de skal skjøna at eg er Herren dykkar Gud.»
13. Då det så vart kveld, kom det ei slik mengd med vaktlar at dei dekte leiren, og om morgonen låg det dogg rundt ikring leiren.
14. Då dogga kvarv, fekk dei sjå eit fint, kornet lag bortover øydemarka. Det var som fint rim på marka.
15. Då israelittane såg det, sa dei seg imellom: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Då sa Moses til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk til mat.
16. Dette er det påbodet Herren har gjeve: De skal sanka av det så mykje de treng, ein omer til manns. Kvar skal henta til dei som er i teltet hans, etter talet på dei som høyrer han til.»