2. Mosebok 16:14-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Då dogga kvarv, fekk dei sjå eit fint, kornet lag bortover øydemarka. Det var som fint rim på marka.

15. Då israelittane såg det, sa dei seg imellom: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Då sa Moses til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk til mat.

16. Dette er det påbodet Herren har gjeve: De skal sanka av det så mykje de treng, ein omer til manns. Kvar skal henta til dei som er i teltet hans, etter talet på dei som høyrer han til.»

17. Israelittane gjorde så og sanka, somme mykje, andre lite.

18. Men då dei mælte det i omeren, hadde den som hadde sanka mykje, ikkje noko att, og den som hadde sanka lite, leid ingen skort. Alle hadde sanka det dei trong.

19. Moses sa til dei: «Ingen må leiva noko av det til morgons.»

20. Men dei lydde ikkje Moses. Somme av dei lét noko vera att til morgons. Då gjekk det makk i det, og det lukta vondt. Og Moses vart harm på dei.

21. Sidan sanka dei morgon etter morgon, kvar så mykje som han trong. Men når sola tok til å heta, bråna det.

22. Sjette dagen sanka dei dobbelt så mykje brød, to omer til manns. Og alle leiarane i folket kom og fortalde det til Moses.

23. Då sa han til dei: «Det er det Herren har sagt. I morgon er det sabbat, heilag sabbat for Herren. Bak no det de vil, og kok det de vil! Men alt det som vert att, skal de leggja bort og gøyma til i morgon.»

2. Mosebok 16