14. Då dogga kvarv, fekk dei sjå eit fint, kornet lag bortover øydemarka. Det var som fint rim på marka.
15. Då israelittane såg det, sa dei seg imellom: «Kva er det?» For dei visste ikkje kva det var. Då sa Moses til dei: «Det er det brødet Herren har gjeve dykk til mat.
16. Dette er det påbodet Herren har gjeve: De skal sanka av det så mykje de treng, ein omer til manns. Kvar skal henta til dei som er i teltet hans, etter talet på dei som høyrer han til.»
17. Israelittane gjorde så og sanka, somme mykje, andre lite.
18. Men då dei mælte det i omeren, hadde den som hadde sanka mykje, ikkje noko att, og den som hadde sanka lite, leid ingen skort. Alle hadde sanka det dei trong.
19. Moses sa til dei: «Ingen må leiva noko av det til morgons.»
20. Men dei lydde ikkje Moses. Somme av dei lét noko vera att til morgons. Då gjekk det makk i det, og det lukta vondt. Og Moses vart harm på dei.
21. Sidan sanka dei morgon etter morgon, kvar så mykje som han trong. Men når sola tok til å heta, bråna det.