6. I sju dagar skal du eta usyrt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.
7. Alle dei sju dagane skal du eta usyrt brød. Det må ikkje finnast noko som er syrt hjå deg, og ingen surdeig så langt landemerka dine når.
8. Den dagen skal du seia til son din: «Dette er til minne om det Herren gjorde for meg då eg fór frå Egypt.
9. Det skal vera eit merke for deg på handa og eit minneteikn på panna, så Herrens lov kan vera på lippene dine. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egypt.
10. Så skal du kvart år og til fastsett tid gjera det denne lova krev.»
11. Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det,
12. då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til.