2. Mosebok 13:11-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Når Herren har ført deg inn i Kanaan, som han lova deg og fedrane dine, og gjev deg det,

12. då skal du bera fram for han alt som kjem fyrst frå mors liv. Alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, høyrer Herren til.

13. Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa.

14. Og når son din sidan spør deg kva dette tyder, skal du svara: «Med sterk hand førte Herren oss ut or Egypt, or trælehuset.

15. Då farao gjorde seg hard og ikkje ville la oss fara, slo Herren i hel alt fyrstefødt i Egypt, både av folk og fe. Difor ofrar eg til Herren alle hanndyr som kjem fyrst frå mors liv, men kvar fyrstefødd son løyser eg.

2. Mosebok 13