2. Mosebok 13:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Moses:

2. «Alt fyrstefødt skal du helga åt meg. Alt som kjem fyrst frå mors liv i Israel, anten det er folk eller fe, høyrer meg til.»

3. Og Moses sa til folket: Kom i hug denne dagen då de slapp ut or Egypt, or trælehuset! For med sterk hand leidde Herren dykk ut. Då skal de ikkje eta noko med surdeig i.

4. I dag tek de ut, i abib månad.

5. Når så Herren fører deg inn i landet åt kanaanearane, hetittane, amorittane, hevittane og jebusittane, det som han lova fedrane dine å gje deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudsteneste på dette viset i denne månaden.

2. Mosebok 13