19. I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et syrt brød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er innflyttar eller fødd og fostra i landet.
20. De må ikkje smaka noko som er syrt. I alle heimar skal de eta usyrt brød.
21. Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og henta småfe til huslydane dykkar og slakta påskelammet!
22. Så skal de ta ein isopkvast, duppa han i blodet som er i skåla, og stryka noko av blodet på dørbjelken og dørstolpane. Og ingen av dykk må gå ut gjennom husdøra si før om morgonen.
23. For Herren vil fara gjennom landet og slå egyptarane med ulukke. Og når han ser blodet på dørbjelken og dørstolpane, skal han fara framom døra og ikkje la tynaren sleppa inn i husa dykkar og drepa.
24. Dette skal de halda dykk etter. Det skal vera ei lov for deg og etterkomarane dine til evig tid.
25. Når de så kjem inn i det landet Herren etter sin lovnad vil gje dykk, skal de halda denne høgtidsskikken ved lag.
26. Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk,
27. skal de svara: Det er påskeoffer til Herren, fordi han fór framom husa åt israelittane i Egypt, då han slo egyptarane med ulukke, men sparte heimane våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad.
28. Og israelittane gjekk av og gjorde dette. Som Herren hadde sagt til Moses og Aron, så gjorde dei.