1. Herren tala til Moses og Aron medan dei var i Egypt, og sa:
2. Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar. De skal halda han for den fyrste månaden i året.
3. Sei til heile Israels-lyden: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd!
4. Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette.
5. Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje.
6. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd.
7. Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det.
8. Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt.
9. De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det over elden, med hovud, føter og innmat.