2. Mosebok 10:16-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Då skunda farao seg og sende bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk.

17. Men tilgjev meg synda mi denne eine gongen, og bed til Herren dykkar Gud at han må spara meg for denne drepande plaga!»

18. Så gjekk Moses bort frå farao og bad til Herren.

19. Då snudde Herren vinden og lét det blåsa ein sterk vestavind. Den førte grashoppene bort og kasta dei i Sevsjøen. Det vart ikkje att ei einaste grashoppe i heile Egypt.

20. Men Herren gjorde farao hard i hugen, og han lét ikkje israelittane fara.

21. Herren sa til Moses: «Rett handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tjukt at ein kan ta på det!»

22. Så rette Moses handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar.

23. Den eine kunne ikkje sjå den andre, og i tre dagar var det ingen som torde reisa seg frå setet sitt. Men der israelittane budde, var det ljost alle stader.

2. Mosebok 10