1. No var det fullført, alt arbeidet som Salomo hadde late gjera på Herrens hus. Og han flytte dit det som David, far hans, hadde vigt til Herren, både sølvet og gullet og alle kara. Han la det inn i skattkammera i Guds hus.
2. Så kalla Salomo dei eldste i Israel og alle ættehovdingane, leiarane for Israels-ættene, saman til Jerusalem. Dei skulle henta Herrens paktkiste opp frå Davids-byen, det er Sion.
3. Og alle menn i Israel samla seg hjå kongen på høgtida i den sjuande månaden.
4. Då alle dei eldste i Israel var komne, tok levittane paktkista
5. og bar henne opp, og like eins møteteltet og alle dei heilage kara som var i teltet. Det var levittprestane som bar dei.
6. Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå han. Og dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei.
7. Så bar prestane Herrens paktkiste og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.
8. Og kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene.
9. Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har ho vore til denne dag.
10. I kista fanst det ikkje anna enn dei to tavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut or Egypt.