12. Det som skulle brukast til brennoffer, la dei til sides og gav det til ættgreinflokkane av lekfolket, så dei kunne bera det fram for Herren, så som føreskrive er i Moseboka. Sameleis gjorde dei med oksane.
13. Påskelammet steikte dei over elden, som føreskrive var, og det kjøtet som var gjeve i heilag gåve, koka dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til alt lekfolket.
14. Sidan laga dei til åt seg sjølve og åt prestane. For prestane, Arons-sønene, heldt på med å bera fram feittstykka av brennofferet til langt på natt. Difor laga levittane til åt seg sjølve og åt prestane, Arons-sønene.
15. Songarane, Asaf-sønene, stod på staden sin, så som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde fastsett, og portvaktarane stod ved kvar sin port. Dei trong ikkje gå frå tenesta si; for brørne deira, dei andre levittane, laga til åt dei.
16. Såleis kom heile tenesta for Herren i sitt rette lag den dagen, og dei heldt påskehelg og bar fram brennoffer på Herrens altar, som kong Josjia hadde sagt føre.