2. Krønikebok 35:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Den fjortande dagen i den fyrste månaden slakta dei påskelammet.

2. Kongen gav prestane dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus.

3. Og til levittane, som skulle vera lærarar for heile Israel, og som var helga til Herren, sa han: «Set den heilage kista i det huset som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygt. De treng ikkje bera noko på akslene meir. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans.

4. Gjer dykk ferdige, kvar i si ættgrein og sitt skift, så som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive.

2. Krønikebok 35