13. hadde tilsyn med berarane og rettleidde alle handverkarane, kva arbeid dei så gjorde. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.
14. Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boka med Herrens lov, som var gjeven ved Moses.
15. Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren.
16. Sjafan tok henne med seg til kongen, og samstundes sa han frå: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.
17. Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»
18. Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las opp or boka for kongen.
19. Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine.
20. Så tala han med Hilkia og med Ahikam Sjafansson, Abdon Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa:
21. «Gå og spør Herren til råds for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i den boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje har halde seg etter Herrens ord og ikkje gjort alt det som er skrive i denne boka.»
22. Då gjekk Hilkia og dei andre mennene som kongen sende av stad, til Hulda, ei profetkvinne, som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,
23. og ho sa til dei:Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg:
24. Så seier Herren: Sjå, eg fører ulukke over denne staden og dei som bur her, alle dei forbanningane som er skrivne i den boka dei har lese opp for Juda-kongen.
25. For dei har gått bort frå meg og ofra til andre gudar. Såleis har dei eggja meg til harme med det dei har gjort. Harmen min logar mot denne staden, og han skal ikkje slokna.
26. Men til Juda-kongen som har sendt dykk for å spørja Herren til råds, skal de seia: Så seier Herren, Israels Gud: Du har no høyrt desse orda.
27. Og du vart mjuk i hugen og bøygde deg for Gud då du høyrde kva han tala mot denne staden og mot dei som bur her. Fordi du bøygde deg for meg og reiv sund kleda dine og gret for mitt åsyn, så har eg òg høyrt, lyder ordet frå Herren.
28. Difor vil eg la deg fara til fedrane dine. I fred skal du samlast med dei i grava. Du skal sleppa å sjå all den ulukka som eg fører over denne staden og dei som bur her.Med dette svaret kom dei heim att til kongen.
29. Då sende kongen bod og kalla saman alle dei eldste i Juda og Jerusalem.