2. Krønikebok 33:21-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år.

22. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, liksom Manasse, far hans, hadde gjort. Amon ofra til alle dei gudebilete som Manasse, far hans, hadde laga, og dyrka dei.

23. Men han audmykte seg ikkje for Herren, som Manasse, far hans, hadde gjort. Han berre auka syndeskulda.

24. Mennene til Amon svor seg saman mot han og drap han i hans eige hus.

2. Krønikebok 33