2. Krønikebok 32:9-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så sende Sankerib, assyrarkongen, som låg utfor Lakisj med heile stridsmakta si, nokre av mennene sine til Jerusalem, til Hiskia, Juda-kongen, og alle judearane som var med i Jerusalem, og sa:

10. Så seier Sankerib, kongen i Assyria: Kva er det de set dykkar lit til, sidan de roleg lèt dykk kringsetja i Jerusalem?

11. Hiskia vil at de skal døy av svolt og torste. Difor lokkar han dykk og seier: «Herren vår Gud skal berga oss for assyrarkongen.»

12. Var det ikkje denne Hiskia som tok bort offerhaugane og altara hans og sa til folket i Juda og Jerusalem: «Berre framfor eitt altar skal de bøya dykk og tilbe, og berre på det skal de ofra!»

13. Veit de ikkje kva eg og fedrane mine har gjort med alle folka rundt om i landa? Har vel dei gudane som desse folka dyrkar, kunna berga landa sine for meg?

2. Krønikebok 32