5. Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på syner frå Gud. Og så lenge han søkte Herren, lét Gud allting lukkast for han.
6. Ussia drog i hærferd mot filistarane og reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar i Asjdod-bygda og andre stader i Filistarlandet.
7. Gud hjelpte han mot filistarane, mot dei arabarane som budde i Gur-Ba’al og mot me’unittane.
8. Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han fekk større og større makt.
9. Ussia bygde tårn i Jerusalem, ved Hjørneporten og Dalporten og ved Kroken. Såleis gjorde han desse stadene sterke.
10. I øydemarka bygde han òg tårn og hogg ut mange brunnar; for han hadde mykje fe både i Sjefela og på høgsletta. Og han heldt arbeidsfolk som dyrka jorda og stelte vintrea på fjella og i hagane; for jordbruket låg han på hjarta.
11. Ussia hadde ein stridsbudd hær, som drog ut i krig i flokkar som var mønstra og talde av riksskrivaren Je’uel og tilsynsmannen Ma’aseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen.
12. Dei ættehovdingane som var djerve stridsmenn, var 2 600 i talet.
13. Under dei stod det ei hærmakt på 307 500 mann, som gjekk i striden med mot og makt til å hjelpa kongen mot fienden.
14. Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar.
15. I Jerusalem fekk han laga kunstferdig uttenkte krigsmaskinar, som skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Og gjetordet om han nådde vide ikring; for han fekk hjelp på underfull vis, så makta hans vart stor.