2. Krønikebok 18:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» sa Akab, Israels-kongen, til Josjafat, Juda-kongen. Josjafat svara: «Eg som du, mitt folk som ditt folk; vi går med deg i krigen.»

4. Men sidan sa Josjafat til Israels-kongen: «Spør fyrst Herren til råds!»

5. Då kalla Akab saman profetane, fire hundre mann, og spurde dei: «Skal eg fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal eg la det vera?» Dei svara: «Far du! Gud vil gje byen i hendene dine, konge.»

6. Men Josjafat sa: «Er det ingen annan av Herrens profetar her som vi òg kunne spørja?»

7. Israels-kongen svara: «Det finst endå ein som vi kunne få til å spørja Herren. Men eg hatar han; for han spår meg aldri noko godt, berre vondt. Det er Mika Jimlason.» Josjafat sa: «Kongen skulle ikkje tala så!»

8. Då ropa Israels-kongen på ein av hoffmennene og sa: «Skunda deg og henta Mika Jimlason!»

2. Krønikebok 18