1. Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han freista å styrkja makta si mot Israel.
2. Han la hærflokkar i alle festningsbyane i Juda og sette vaktpostar både i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim.
3. Herren var med Josjafat, fordi han ferdast på dei vegane som David, ættefar hans, hadde fylgt i si fyrste tid. Han søkte ikkje råd hjå Ba’al-gudane,
4. men hjå Gud åt far sin. Han heldt seg etter boda hans og fór ikkje åt som dei gjorde i Israel.
5. Difor trygde Herren kongsmakta for Josjafat, og heile Juda kom til han med gåver, så han fekk stor rikdom og ære.
6. Og medan han gjekk på Herrens vegar, auka motet hans, og han sytte for å få bort offerhaugane og Asjera-pålane i Juda.
7. I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av hovdingane sine ut for å læra folket i Juda-byane; det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja.
8. Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja og så prestane Elisjama og Joram.
9. Når dei lærte i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Såleis fór dei ikring i alle Juda-byane og lærte folket.