2. Krønikebok 16:9-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

10. Då vart Asa harm på sjåaren og sette han i fengsel; så arg var han på han for dette. På same tid fór han hardt fram mot andre av folket.

11. Det som er å seia om Asa, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om kongane i Juda og Israel.

12. I det trettiniande styringsåret sitt fekk Asa ein sjukdom i føtene, og sjukdomen vart verre og verre. Men heller ikkje då han var sjuk, søkte han Herren, men berre lækjarane.

13. Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han døydde i det førtifyrste styringsåret sitt.

14. Dei sette han ned i hans eige gravrom, som han hadde late hogga ut åt seg i Davids-byen. Der la dei han på ei lege fylt med velluktande urter og ymse salvar som var blanda. Så kveikte dei eit veldig bål til ære for han.

2. Krønikebok 16