2. Krønikebok 13:10-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Men vår Gud er Herren, og vi har ikkje gått bort frå han. Dei prestane som gjer teneste for Herren, er etterkomarar etter Aron, og levittane greier arbeidet sitt.

11. Kvar morgon og kvar kveld ber dei fram brennoffer og velluktande røykjelse for Herren og legg fram skodebrød på det reine bordet. Og kvar kveld kveikjer dei lampene på gull-ljosestaken. For vi held oss etter det som Herren vår Gud har fastsett; men de har gått bort frå han.

12. Sjå, Gud er med oss, og han er føraren vår. Vi har prestane hans mellom oss, og dei skal blåsa i trompetar når vi går til strid mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot Herren, dykkar fedrars Gud! For det skal ikkje lukkast for dykk.

13. Imedan hadde Jeroboam late ein flokk gå utanom judearane og koma bak dei, såleis at dei hadde hæren framføre seg og denne flokken i ryggen.

14. Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei hadde fiendar både framfor og bak seg, ropa dei til Herren. Prestane bles i trompetane,

15. og mennene sette i eit høgt rop. Som no hærropet frå Juda-mennene ljoma, laga Gud det så at Jeroboam og heile Israels-hæren tapte for Abia og Juda-hæren.

16. Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei i deira vald.

17. Abia og folket hans hogg ned ei mengd med israelittar. Av dei utvalde mennene deira låg fem hundre tusen drepne på slagmarka.

18. Såleis vart israelittane kua den gongen. Juda-mennene vann, fordi dei sette si lit til Herren, sine fedrars Gud.

19. Abia sette etter Jeroboam og tok frå han byane Betel, Jesjana og Efron, alle med småbyane som høyrde til.

20. Jeroboam kom ikkje til makt meir så lenge Abia levde. Og Herren slo han, så han døydde.

21. Men Abia fekk stort velde. Han tok seg fjorten koner og fekk tjueto søner og seksten døtrer.

2. Krønikebok 13