2. Krønikebok 13:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det attande styringsåret åt Jeroboam vart Abia konge i Juda.

2. Han styrte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Ma’aka og var dotter til Uriel frå Gibea. Mellom Abia og Jeroboam var det ufred.

3. Abia byrja krigen med ein hær av djerve stridsmenn, fire hundre tusen utvalde krigarar. Men Jeroboam fylka mot han ein hær på åtte hundre tusen utvalde menn, djerve stridsmenn dei òg.

2. Krønikebok 13