2. Krønikebok 1:8-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.

9. Så lat det no, Herre Gud, gå som du lova David, far min! For du har gjort meg til konge over eit folk som er talrikt som støvet på jorda.

10. Gjev meg no visdom og skjøn, så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»

11. Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjarta, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære eller at fiendane dine skulle døy, og du sjølv måtte få leva lenge, men bad om visdom og skjøn, så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over,

2. Krønikebok 1