2. Krønikebok 1:11-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjarta, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære eller at fiendane dine skulle døy, og du sjølv måtte få leva lenge, men bad om visdom og skjøn, så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over,

12. så skal du få visdom og skjøn. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, gods og ære som ingen av kongane før deg har hatt, og ingen etter deg kjem til å få.»

13. Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå møteteltet og heim til Jerusalem. Og han tok styret over Israel.

2. Krønikebok 1