2. Krønikebok 1:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Salomo, son til David, styrkte kongedømet sitt. Herren hans Gud var med han og gjorde han stor og mektig.

2. Salomo stemnde til seg heile Israel: førarane for flokkar på tusen og hundre, domarane og alle stormennene i heile Israel, hovdingane over ættene,

3. og drog så med heile møtelyden til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds møtetelt, som Moses, Herrens tenar, hadde laga i øydemarka.

4. Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til åt henne. For han hadde reist eit telt åt henne i Jerusalem.

5. Men bronsealtaret som Besalel, son til Uri Hursson, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og dei som han hadde kalla saman.

2. Krønikebok 1