6. Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta, og den som sår med rik hand, skal få ein rik haust.
7. Kvar må gje det han har sett seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.
8. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning.
9. For det står skrive:Han strøydde ut ¬og gav til dei fattige,hans rettferd skal alltid vara.
10. Han som gjev «såmannen såkorn og brød til å eta», han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor.
11. De skal vera rike på alt, så de gjerne vil gje. Og så skal takkseiinga stiga opp til Gud, når vi ber fram gåva.
12. For denne tenesta, som òg er ei gudsteneste, er ikkje berre ei hjelp til dei heilage i deira naud; ho skal òg syna kor rik ho er ved at mange takkar Gud.
13. Når de har fullført tenesta og stått prøva, vil dei lova Gud fordi de var lydige og vedkjendest dykkar tru på Kristi evangelium, og fordi de var viljuge til å dela med dei og alle dei andre.
14. Og dei vil be for dykk og lengta etter dykk fordi Gud har gjeve dykk denne rike nåden.
15. Gud vere takk for si useielege gåve!