8. Eg seier ikkje dette som eit påbod, men eg nemner iveren hjå dei andre for å prøva om kjærleiken dykkar er ekte.
9. De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle verta rike.
10. Eg seier mi meining om dette; det kan vera til gagn for dykk, de som i fjor gjekk inn i arbeidet og la godviljen til.
11. No gjeld det å fullføra verket. Liksom de var viljuge til å gå i gang, må de no vera viljuge til å fullføra, alt etter den råd de har.
12. For når den gode viljen er der, skal han verdsetjast etter det ein har og ikkje etter det ein ikkje har.
13. For det er ikkje så meint at andre skal få hjelp, og at de skal ha det trongt; det skal vera likt.
14. Denne gongen er det de som har overflod og kan hjelpa dei som lid naud. Ein annan gong har dei overflod og kan hjelpa dykk når de lid naud. Då vert det likskap,
15. som skrive står:Den som fekk mykje,hadde ikkje meir enn han trong,og den som fekk lite,vanta ikkje noko.
16. Men Gud vere takk, som har vekt den same omsut for dykk hjå Titus òg.
17. Han sa ja då eg bad han, og vart så ihuga at no reiser han til dykk etter eige ynske.
18. Saman med han sender vi den broren som får ros i alle kyrkjelydane for sitt arbeid for evangeliet.