2. Korintar 7:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.

2. Gjev oss rom i hjarto dykkar! Ingen har vi gjort urett, ingen har vi øydelagt, ingen har vi gått for nær.

3. Eg seier ikkje dette for å døma dykk. Eg har då alt sagt at de er i hjarto våre; vi høyrer saman i liv og død.

4. Stor er mi tiltru til dykk, og storleg rosar eg meg av dykk. Eg har vorte rikeleg trøysta og er fylt av glede midt i alle trengsler.

5. Då vi kom til Makedonia, vart det heller ikkje lettare for oss. Vi møtte berre vanskar; det var strid ikring oss og angst i oss.

6. Men Gud som trøystar dei nedbøygde, gav oss nytt mot då Titus kom,

7. ikkje berre med at han kom, men òg fordi han hadde fått nytt mot hjå dykk. Han fortalde korleis de lengta og trega, og kor heilhuga de no står saman med meg. Dette gledde meg endå meir.

8. Om eg gjorde dykk sorg med brevet mitt, så angrar eg ikkje på at eg skreiv det. Ei stund angra eg nok på det, for eg veit at brevet gjorde dykk sorgfulle med det same.

9. Men no er eg berre glad, ikkje fordi eg gjorde dykk sorg, men fordi sorga dreiv dykk til omvending. For dette var ei sorg etter Guds vilje; difor har vi ikkje gjort dykk nokon skade.

2. Korintar 7