2. Korintar 5:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Vi kjem ikkje atter til dykk med lovord om oss sjølve, men vi gjev dykk høve til å rosa dykk av oss, så de kan ha noko å svara dei som skryter av det dei er i det ytre og ikkje i hjarta.

13. For har vi vore frå vitet, så var det for Gud. Og er vi med sans og samling, så er det for dykk.

14. For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt.

15. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.

16. Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger.

17. Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.

18. Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.

2. Korintar 5