2. Korintar 13:11-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Elles, brør, gled dykk! Sjå til at de kjem i rett skikk. Ta imot rettleiing! Ver samlyndte, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk.

12. Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle dei heilage helsar dykk.

13. Herren Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den Heilage Andens samfunn vere med dykk alle!

2. Korintar 13