20. For så mange som Guds lovnader er, i han har dei fått sitt ja. Difor seier vi òg ved han vårt Amen, Gud til ære.
21. Men den som gjer både oss og dykk faste i trua på Kristus, og som har salva oss, det er Gud.
22. Og han har sett sitt segl på oss og gjeve oss Anden til pant i hjarto våre.
23. Eg tek Gud til vitne – han som rår for livet mitt: Det er for å spara dykk at eg enno ikkje er komen til Korint.
24. Ikkje så at vi vil vera herrar over trua dykkar, for de er faste i trua. Men vi er medarbeidarar som vil gjera dykk glade.