2. Korintar 1:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. For det kan vi rosa oss av og seia med godt samvit: Vi har ferdast her i verda, og ikkje minst mellom dykk, i ein heilagdom og reinleik som er av Gud. Vi har ikkje late oss leia av menneskeleg visdom, men av Guds nåde.

13. For det ligg ikkje noko anna i det vi skriv til dykk, enn det de kan lesa og skjøna. Og eg vonar at de fullt ut skal læra å skjøna

14. det som de nok har forstått ein del av, at vi skal vera dykkar ære liksom de skal vera vår på vår Herre Jesu dag.

15. I tillit til dette var det at eg ville koma til dykk fyrst, så de endå ein gong skulle få oppleva nåden.

16. Eg ville vitja dykk både på ferda til Makedonia og på vegen attende derifrå, og så kunne de gje meg det eg trong på ferda til Judea.

17. Var dette ansvarslaus framferd? Eller legg eg planar ut frå menneskelege omsyn, så eg seier både ja og nei på same tid?

18. Så visst som Gud er trufast: Det vi seier til dykk, er ikkje samstundes ja og nei.

2. Korintar 1