9. Eg vil gjera like eins med Akabs ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson og med ætta åt Basja Akiason.
10. Og Jesabel skal hundane eta opp på Jisre’el-sletta; ingen skal gravleggja henne.» Så opna profetsveinen døra og rømde sin veg.
11. Då Jehu kom ut til kongsmennene, spurde dei han: «Står det bra til? Kva ville han deg, denne galne mannen?» Han svara: «De kjenner då både han og pratet hans!»
12. Men dei sa: «Det er lygn! Sei oss kva det var!» Då fortalde han kva mannen hadde sagt til han: «Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel.»
13. Då skunda dei seg, tok kvar si kappe og la under han på troppestega. Så bles dei i horn og ropa: «Jehu er konge!»
14. Såleis fekk Jehu, son til Josjafat Nimsjison, i stand ei samansverjing mot kong Joram. Joram hadde lege ute med heile Israels-hæren og forsvart Ramot i Gilead mot aramearkongen Hasael.
15. Men sjølv var han faren heim att til Jisre’el og ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han då han stridde mot Hasael, kongen i Aram.No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut or byen og koma til Jisre’el og fortelja om dette.»
16. Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisre’el, der Joram låg sjuk. Akasja, Juda-kongen, var òg komen dit; han ville sjå om Joram.
17. Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisre’el, såg Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein stor flokk som kjem farande.» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han til møtes med dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»
18. Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nått fram, men han kjem ikkje attende.»