18. Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nått fram, men han kjem ikkje attende.»
19. Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!»
20. Vaktmannen sa frå: «Han har nått fram til flokken, men kjem ikkje att. Når ein ser korleis dei køyrer, skulle ein tru det var Jehu Nimsjison. For han køyrer som ein galen!»
21. Då sa Joram: «Spenn føre!» Og dei spente føre vogna hans. Så køyrde dei ut i kvar si vogn, Joram, kongen i Israel, og Akasja, kongen i Juda. Dei køyrde mot Jehu og møtte han på den marka som hadde høyrt Nabot frå Jisre’el til.
22. Med det same Joram fekk auga på Jehu, ropa han: «Kjem du i fredeleg ærend, Jehu?» Han svara: «Korleis kan du tala om fred så lenge Jesabel, mor di, held på med sin horelivnad og sine mange trolldomskunster?»
23. Då drog Joram i taumen, snudde og rømde, og han ropa til Akasja: «Det er svik, Akasja!»
24. Men Jehu spente bogen, og han råka Joram mellom armane, så pila gjekk rett gjennom hjarta, og han seig saman i vogna.
25. Då ropa Jehu til Bidkar, våpensveinen sin: «Ta og kast han inn på den marka som høyrde Nabot frå Jisre’el til. Kom i hug korleis eg og du reid side om side etter Akab, far hans, den gongen Herren tala dette domsordet mot han:
26. Sanneleg, i går såg eg blodet åt Nabot og sønene hans, lyder ordet frå Herren. Og det vil eg gje deg lika for på denne marka, seier Herren. Ta no og kast han inn på marka, som Herren har sagt.»
27. Då Akasja, Juda-kongen, såg det, rømde han og tok vegen til hagehuset. Men Jehu sette etter han og ropa: «Slå han ned, han òg!» Og det gjorde dei medan han sat i vogna si, i Gur-kleiva ved Jibleam. Han rømde til Megiddo, og der døydde han.
28. Mennene hans køyrde han til Jerusalem og la han i ei grav som var stelt til åt han hjå fedrane hans i Davids-byen.
29. Akasja hadde vorte konge i det ellevte styringsåret åt Joram, son til Akab.
30. Så kom Jehu til Jisre’el. Då Jesabel høyrde det, sminka ho seg kring augo, pynta seg på hovudet og såg ut gjennom vindauga.
31. Då Jehu kom inn gjennom porten, ropa ho: «Kjem du i fredeleg ærend, du Simri som har drepe herren din?»
32. Jehu såg opp mot vindauga og sa: «Er det nokon her som held med meg?» Då to – tre hoffmenn såg ut gjennom vindauga,
33. ropa han: «Kast henne ned!» Og dei kasta henne ned, så blodet spruta opp etter veggen og på hestane, som trødde henne under fot.