15. Men sjølv var han faren heim att til Jisre’el og ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han då han stridde mot Hasael, kongen i Aram.No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut or byen og koma til Jisre’el og fortelja om dette.»
16. Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisre’el, der Joram låg sjuk. Akasja, Juda-kongen, var òg komen dit; han ville sjå om Joram.
17. Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisre’el, såg Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein stor flokk som kjem farande.» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han til møtes med dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»
18. Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nått fram, men han kjem ikkje attende.»
19. Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg? Snu om og fylg etter meg!»
20. Vaktmannen sa frå: «Han har nått fram til flokken, men kjem ikkje att. Når ein ser korleis dei køyrer, skulle ein tru det var Jehu Nimsjison. For han køyrer som ein galen!»