7. Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Benhadad, aramearkongen, låg sjuk. Då kongen fekk melding om at gudsmannen var komen,
8. sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Bed han spørja Herren om eg skal koma meg av denne sjukdomen!»
9. Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, Benhadad, kongen i Aram, sender meg til deg og spør om han skal koma seg av denne sjukdomen.»
10. Elisja svara: «Gå og sei til kongen at han skal koma seg. Men Herren har synt meg at han skal døy.»
11. Gudsmannen stirte lenge på han. Så tok han til å gråta.
12. «Kvifor græt du, herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit kor mykje vondt du kjem til å gjera israelittane. Du kjem til å setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.»
13. Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.»
14. Så skildest dei, og Hasael gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å leva.»
15. Men dagen etter tok Hasael eit klede, duppa det i vatn og breidde det over andletet hans, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han.
16. I det femte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda, medan far hans endå styrte der.
17. Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.
18. I si ferd var han som dei andre Israels-kongane. Han levde som Akabs ætt hadde gjort. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.
19. Men for Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda; for han hadde lova David, tenaren sin, at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.
20. I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.
21. Då drog Joram over til Sa’ir med alle stridsvognene sine. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene. Men hæren rømde og fór heim.