3. Då dei sju åra var lidne, kom kona heim att frå Filistarlandet. Ho gjekk til kongen og ville be om hjelp til å få att huset sitt og jorda si.
4. Kongen tala nett då med Gehasi, som hadde vore tenar hjå gudsmannen, og bad han fortelja om dei store undera Elisja hadde gjort.
5. Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt opp den døde guten, kom mor til guten. Ho bad kongen om hjelp til å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kona, og her er son hennar, som Elisja vekte opp.»
6. Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han ein av hoffmennene med henne og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt det som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet, og til no.»
7. Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Benhadad, aramearkongen, låg sjuk. Då kongen fekk melding om at gudsmannen var komen,
8. sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Bed han spørja Herren om eg skal koma meg av denne sjukdomen!»
9. Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, Benhadad, kongen i Aram, sender meg til deg og spør om han skal koma seg av denne sjukdomen.»
10. Elisja svara: «Gå og sei til kongen at han skal koma seg. Men Herren har synt meg at han skal døy.»
11. Gudsmannen stirte lenge på han. Så tok han til å gråta.
12. «Kvifor græt du, herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit kor mykje vondt du kjem til å gjera israelittane. Du kjem til å setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.»
13. Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.»