2. Kongebok 8:17-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

18. I si ferd var han som dei andre Israels-kongane. Han levde som Akabs ætt hadde gjort. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

19. Men for Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda; for han hadde lova David, tenaren sin, at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.

20. I Jorams tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.

21. Då drog Joram over til Sa’ir med alle stridsvognene sine. Han tok ut om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og førarane for stridsvognene. Men hæren rømde og fór heim.

22. Edomittane reiv seg laus frå Juda, og har styrt seg sjølve til denne dag. På same tid reiv Libna seg laus.

23. Det som elles er å seia om Joram og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.

24. Joram gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i Davids-byen, og Akasja, son hans, vart konge etter han.

25. I det tolvte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Akasja, son til Joram, konge i Juda.

26. Akasja var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Israels-kongen Omri.

27. I si ferd var Akasja som kongane av Akabs ætt. Liksom dei gjorde han det som vondt var i Herrens augo; for han var knytt til Akabs-ætta ved giftarmål.

28. Saman med Joram Akabsson gjorde Akasja ei hærferd mot aramearkongen Hasael og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.

29. Så fór kong Joram heim att til Jisre’el, han ville få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han ved Ramot då han stridde mot kong Hasael. Og Akasja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre’el og ville sjå om Joram Akabsson, medan han låg sjuk.

2. Kongebok 8