2. Kongebok 6:3-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Ein av dei sa: «Gjer vel og gå med oss, herre.» Han svara: «Det skal eg.»

4. Så gjekk han med dei, og då dei kom til Jordan, tok dei til å fella tre.

5. Men best som ein av dei heldt på å hogga treet sitt, datt øksa i vatnet. Då ropa han: «Ai, ai, herre! Og eg som hadde lånt henne!»

6. «Kvar datt ho?» spurde gudsmannen. Han viste han staden. Då hogg Elisja av ei grein og kasta ned i vatnet. Såleis fekk han øksa til å flotna.

7. «Ta henne opp!» sa han. Og mannen rette ut handa og tok øksa.

8. Ein gong medan aramearkongen låg i krig med Israel, samdest han med mennene sine om at dei skulle slå leir på den og den staden.

9. Då sende gudsmannen bod til Israels-kongen og sa: «Ta deg i vare, så du ikkje fer framom den staden; for aramearane har gått dit ned.»

10. Så sende Israels-kongen folk til den staden som gudsmannen hadde nemnt og åtvara han mot; og han akta seg der. Såleis gjekk det både ein og fleire gonger.

11. Aramearkongen vart oppøst over dette. Han kalla saman mennene sine og sa til dei: «Kan de ikkje seia meg kven det er av våre folk som held med Israels-kongen?»

12. Ein av mennene svara: «Det er ingen av oss, herre konge. Men Elisja, profeten i Israel, lèt Israels-kongen få vita kva du seier i soveromet ditt.»

13. Då sa kongen: «Gå av stad og finn ut kvar han er, så skal eg senda folk og henta han.» Dei kom att og sa frå at profeten var i Dotan.

2. Kongebok 6