6. Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp å renna.
7. Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.»
8. Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som nøydde han til å eta hjå seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór den vegen.
9. Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann.
10. Lat oss byggja eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein ljosestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»
11. Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der.
12. Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Ropa på denne Sjunem-kvinna!» Han så gjorde, og ho kom bort til han.
13. Elisja sa til han: «Sei til henne: Du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan eg gjera for deg? Kan eg leggja inn eit godt ord for deg hjå kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.»
14. «Kva kan eg så gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gamal.»
15. Då sa Elisja: «Bed henne koma!» Han så gjorde, og ho kom og vart ståande i døra.
16. Profeten sa: «Til års på denne tid skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, må ikkje narra tenestkvinna di!»
17. Kvinna vart med barn, og året etter, på same tid, fekk ho ein son, som Elisja hadde sagt henne.
18. Då guten voks opp, hende det ein dag at han gjekk ut til far sin, som arbeidde saman med onnefolket.
19. Best det var, sa han til faren: «Å, eg har så vondt i hovudet!» Då sa faren til gardsguten: «Ber han heim til mor hans!»
20. Gardsguten lyfte han opp og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.
21. Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så stengde ho døra og gjekk ut.