21. Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så stengde ho døra og gjekk ut.
22. Kona ropa på mannen sin og sa: «Send ein av tenestgutane til meg med eit esel! Eg skal skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.»
23. Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då korkje nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Lat meg fara likevel!»
24. Så sala ho eselet og sa til tenestguten: «Driv det av garde, og stogga meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»
25. Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem!
26. Spring til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til,» svara ho.
27. Då ho kom opp på fjellet til gudsmannen, tok ho om føtene hans. Gehasi gjekk fram og ville jaga henne bort. Men gudsmannen sa: «Lat henne vera! Ho ber på ei sorg, men Herren har løynt det for meg og har ikkje late meg få vita det.»
28. Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte narra meg.»
29. Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet åt guten.»
30. Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og fylgde henne.
31. Gehasi fór føre dei og la staven over andletet åt guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han attende, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna.
32. Då Elisja kom fram til huset, fekk han sjå at guten låg livlaus i senga.
33. Han gjekk inn og stengde døra, så han vart åleine med guten. Han bad til Herren,